Dindalen 2010
Generell info
Etter fjorårets suksess med langtur frå hytte til hytte i Bæverdalen (delar av fjordruta), fortset vi i Dindalen som ligg i Oppdal kommune. I løpet av heile turen blir det vandring på grusveg og fin sti gjennom denne naturskjønne dalen.
Overnatting: Turistforeninga har to hytter der inne som vi skal overnatte på: Dindalshytta og Gammelsetra. For dei som vil ha naturen tett på seg heile turen, er det berre å ta med seg telt eller liggje ute under open himmel om det blir fint ver.
Mat: Mat sørgjar einkvar for sjølv etter behov. Utanom middagen på laurdag lagar vi ei gryte som vi finn som tørrmat på hytta. Difor ber vi om å ta med ein pølsepakke kvar som vi kan ha oppi.
Penger: Det koster ein liten sum å overnatte på turistforeningens hytter, pluss at vi skal spleise for maten. Her er prislista henta ifrå www.turistforeningen.no.
Selvbetjente/ubetjente hytter: åpne hele året
Losji, inkl. propan og brensel:
| |
Ordinær
|
Medlem
|
Voksen
|
335,- |
200,-
|
Ungdom 15-26 år
|
170,-
|
100,-
|
Barn 4-14 år
|
105,-
|
gratis
|
Barn 0-3 år
|
gratis |
gratis
|
Teltere pr. pers
|
70,-
|
50,-
|
Hund
|
70,-
|
50,-
|
Dagsbesøk
|
60,-
|
40,-
|
- familier
|
80,-
|
50,-
|
Mat betales i henhold til prislisten.
Sikkerheit: Under heile turen skjer på eige ansvar og hjelm er selvfølgeleg PÅBUDT.
Hestene: Med tanke på kor hestane skal stå over netene, tek turleiarane med utgard - pålar og tråd.
Personleg utstyr: Ta med utstyr og klede til all slags vær. Behagelege klede til lang vandring er til å anbefale. Pakk gjerne ned klede og mat i plastikkposar slik at det ikkje blir vått om værgudane slepp ned regn til oss.
Kven kan vere med: Vi vil og understreke at dette er ikkje ein tur berre for dei som har hest. Ta gjerne med hunden å ta beina fatt, og fine sykkelmogelegheiter er det også. Alle kan vere med. Ta med heile familien, gjerne bestemor, bestefar, tanter og onkler.
Kan du ikkje vere med heile helga?: er det fortsatt håp for at du kan vere med. Ta kontakt med turleiarane (nummer finner du nederst), så har dei mogelegheiter for deg.
PROGRAMMET FOR TUREN
Fredag: Vi tek ferga frå Kvanne til Rykkjem kl. 18.30. Vi set pris på at dei som tek ei anna ferge eller køyrar om Berkåk tek kontakt. Derifrå køyrar vi i ca 1 t mot Oppdal før vi tek av merket "Dindalen", og fortset (følg merking) heilt til vi kjem til ein bomm der vi kam parkere transporten ca rund 20.00-20.30. Derrifrå tek vi vår eiga kraft fatt og ruslar innover grusvegen til vi kjem til sjølvaste Dindalshytta som tek ca 1,5 t. Her pakkar vi ut pikkpakket vårt, set opp innheining til hestane og sler oss til ro med kveldsmat for kvelden. For dei som har eit instrument, fin songstemme, ein skrøne eller tre eller noko anna sprell, er det berre å kome med det. Etter kvart som gjespen tek overhånd, finn vi fort køya og søv søtt til neste morgon med nye eventyr.
Laurdag: Etter ein god og solid frokost, startar vi vandringa mot Gammelsetra kl 10.30-11.00. Turen dit tek ca 4 timars marsj. Vi tek oss god tida heile helga og berre nyt helga på hesteryggen og med godt selskap. Når vi har kome ca halve ruta tek vi oss ein god pause for å fylle magen med god niste. Når vi kjem til Gammelsetra har vi enda litt att av dagen. er det nokon som er interessert i å vandre litt i området rundt hytta så gjer vi det. Når vi kjenner magen kaller att, lager vi ein felles middag. Vi samler saman pølsene og lagar ei deilig gryte. Utover kvelden blir det sosialt samvær og ser tilbake på den fine dagen vi har bak oss.
Søndag: Denne dagen er heimreisedag. Men vi bruker heile dagen og har det ikkje travlet med å kome heimatt. Vi startar frå Gammelsetra i 10.30 tida og tek heile ruta attende til bommen (dette er ein tur retur tur, ikkje ein rundtur som vi hadde ifjor). Vi tek ein lang matpause og nokre småe pustepausar undervegs. Vi reknar med vi kjem til bommen rundt 17.00-18.00 tida. Nokre køyrar deretter om Sunndal og ferga eller om Berkåk og Storås.
Vi vil gjerne at dei som skal vere med tek kontakt, slik at vi har ein viss peiling om kor mange som skal vere med. Sei ifrå til Marte på tlf: 41691205
Ellers håpar vi at så mange som mogeleg deltek på turen saman med oss!! dette gler vi oss til.
Nokre spørsmål?
Ta kontakt med turleiarane:
Harald Røen: 47324843
Marte Røen:41691205
Tone Haugen Øyen: 98466258