Kjøp og Salg
Linker
INGE sin side
Kløvvægmarsjen
Ridetreninger
Grønt kort
Om Klubben
Medlemmene
Aktiviteter
Bli medlem!
Kontakt oss!
Salg av klubbeffekter
Sertifiserte kusker
Fellesturer

Medlem av Trollheimsporten
Kløvvægmarsjen


Kløvvægmarsjen


Kløvvæg-marsjen blir arrangert kvart år i den tida folk og buskap skulle heim frå setrene i Vindøladalen i gamle dagar. Dette var som regel siste helga i august eller første helga i september, alt etter beiteforholda i dalen.
I perioden frå 1927 til og med 1945 var kløvvegen også merka for turistforeninga som turistlinje til Røstasetra og vidare til Trollheimshytta i Folldalen.

Kløvmarsjen 2006 var meget velykket og vi kommer tilbake med et fyldigere referat litt senere.

Kløvvæg-marsjen kom i gang i 2002 etter at fleire interesserte hytteeigarar og ”gamle vindøl’dalingar” hadde ønske om å ta opp att den gamle tradisjonen med å følgje kløvvegen som folk, buskap og klauvhestar følgte fra Skarkleiva ved Holtamoen på Vindøla i Surnadal, over fjellet og til setrene i Vindøladalen.

Første marsjen, i 2002, vart gjennomført laurdag 24. august som prøvetur, der interesserte vart med både på rydding og merking av kløvvegen. Omtale i lokalavisa gav god respons, da ca. 30 deltakarar med stort og smått og ein hesteekvipasje deltok. Vi fikk kjempeflott sommervêr med god temperatur heile turen. Første felles stopp var matpause ved Mausetsetra, deretter Kvilar -steinen øverst i Tælli’n. Tællibekken var godt å koma til for å få vaska av seg litt svette og få seg en slurk vatn. Bjønnahiet ved Brynntjønnberja vart også merka. Gjensynet med Kromblomsteinen var stor opplevelse. Kronblom var gjengrodd av mose. Plana er å gjenskape tegninga…
Velterdalen vart ei spennande utfordring, da sikringa ved fjellskrentar hadde forvitra bort i årenes løp. Andre felles stopp under turen for å raste, var på Velteret, der Vindøladalen eller Dalen (som vi sa før i tida) åpnar seg med all sin prakt. Mannskap av hyttefolk frå Dala var på plass med kaffe for å møte oss der. Det var stor stemning ! Kudalen og vegen videre innover Dalen vart langdryg, da det tok lang tid å både rydde og merke kløvvegen samtid. Det var rart å sjå kor attgrodd kløvvegen har vorte av bjørketrær som har vokse seg store. Det var tydeleg å sjå at vi hadde eit stort arbeid foran oss med rydding for seinare turar. Mykje kratt måtte berre stå att til seinare, for å koma fram til Røstasetra innen nokolunde anstendig tid. Det var lite vatn i Vindøla, men fleire deltakarar fann det muleg og godt å få seg ein dukkert i ein høl ved elvebredden. Etter seks heile timar var vi endeleg framme på Røstasetra. Seterfolket hadde ordna med bakels, kaffe og saft.

I 2003 gikk marsjen siste helga i august, laurdagen den 30. Ein Kløvvægmarsj-komitè var etablert og tok arbeidet med å laga plakatar, som vart satt opp rundt om i heile kommunen. Vi fikk annonsert marsjen i kulturkalenderen for Surnadal Kulturhus og ein annonse i avisa var sponsa av lokal næringsliv. Hesteinteresserte vart spesielt oppfordra til å delta. Årets klauvhest ville bli kåra da vi kom fram til Røsta-setra. Ellers var det reklamert med saft-servering frå hesteklauv undervegs. På grunn av den usikre strekninga forbi fjellskrentane i Velterdalen, hadde fleire av oss i komitèen vore oppe i området og rydda ein omveg forbi skrentane før marsjen gikk.
To klauvhestar, ein ridehest og 25 to-beinte deltakarar var med dette året. Litt duskregn fikk vi undervegs, uten at det gjorde noko. Turen tok denne gangen ca. 4 timar, som er omtrent normaltid for denne strekninga. På grunn av litt for stor elv, gikk hestene over elva ved Bjørkøysetra og resten av mannskapet tok brua ved Pebustoin. På Røstasetra var det rømmegraut å få kjøpt denne gongen. Fele- og gitarmusikk vart ”servert” til dans på setervollen.

På grunn av diverse kollisjonar av arrangement, vart Klauvvæg-marsjen gjennomført søndag 5. september i 2004. Vi fikk gratis annonsering i kulturkalenderen for Surnadal Kulturhus og av næringslivet i tilknytning til ”Høst-fest”, men laga også denne gongen egne plakatar, med flott bilde fra fjorårets marsj. 36 til fots av stort og smått, heile 11 hesteekvipasjar stilte opp frå start dette året. På Velteret vart vi møtt av 11 hyttefolk m ponny. Totalt var vi 54 deltakarar og 12 hesteekvipasjar som rasta på Velteret. Kjempemessig ! På Røstasetra hadde Mo skulekorps ansvar for servering av pølse m brød, kaffe og bakels.



Denne turen vart både filma og fotografert av Conny Hansen, som gjorde en kjempejobb med å lage den flotte DVD-filmen fra turen. Filmen er å få kjøpt i Vekst-butikken på Skei.

Før marsjen i 2005 fikk vi laga eit flott treskilt med logo og navn på Kløvvegen. Dette stod plassert (og skal stå fast) i Økjedalen ved starten av Kløvvegen mot Mausetsetra.
Marsjen gikk også dette året første helga i september, søndag den 4. Nye plakater med fine bilder fra fjorårets marsj vart satt opp som vanleg rundt om i kommunen. Marsjen er snart ein tradisjon.
Til tross for regnvèr mesta under heile turen, var vi til sammen 56 deltakarar med stort og smått, 8 hesteekvipasjar og 3 hunder. Som tidligere år, vart vi møtt til rast på Velteret av hyttefolket fra Dalen. Mo skulekorps tok på seg igjen matservering på Røstasetra. Dei stilte med kotelettar, pølse og diverse tilbehør, kaffe og kaker. Ellers var det lagt opp til diverse aktivitetar ved setra med natursti og barneridning, som var populære tiltak. Conny Hansen hadde også dette året filmet og fotografert fra heile turen og laga ein ny flott DVD, Kløvvægmarsjen 2005, som kan anskaffes ved Vekst-butikken på Skei.

Marsjen er planlagt også i 2007. Datoen er satt til lørdag 25 august.

Klauvvægmarsj-komitèen vil fortsette og jobbe med skilting av klauvvegen. Navn som er glemt, men som skulle vært med kan sendes til komiteen.

Spør etter filmen om marsjen på Vekstbutikken på Skei.